Namnesak - innspel til skrivemåte

Valle kommune kunngjer med dette høyring av namnesak, jf. lov om stadnamn § 8,
Frist for innspel er 21. mai.
 

Bakgrunn for namnesaka

I samband med oppstart av verneprosess i Hommsli i Valle kommune er det reist namnesak av Språkrådet og Kartverket.

 

  • Språkrådet har reist namnesak for namneleddet Homme-/Homm-/ Homms-/Homs i stadnamn i og ved bygda Homme i Valle kommune.
  • Kartverket har reist namnesak for nokre relaterte namn som har skrivemåtestatusen «uvurdert» i Sentralt stadnamnregister (SSR).

 

Namnesaka er reist for å få avklart rett skrivemåte til offentleg bruk. Valle kommune ber difor om innspel på rett skrivemåte.

 

Innspel til høyringa

Eigarar/festarar har rett til å uttale seg om gardsnamn/bruksnamn og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til. Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Ein ber om at alle som uttalar seg opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, ber ein om å få opplyst dei ulike uttaleformene.

 

Innspel må sendast skrifteleg til post@valle.kommune.no og merkast med namnesak 2024/104.

 

Vidare saksgong

Etter at høyringsperioden er ute vil innspela bli samordna og sendt til Språkrådet. 

 

Sentralt stadnamnregister (SSR)

SSR er eit register over norske stadnamn i offentleg bruk som vert forvalta av Kartverket. Offentlege organ er pålagt å fylgje skrivemåtane som er registrert i SSR. Kartverket har ei innsysnløysing for SSR på http://www.norgeskart.no/ssr/ der ein kan leite i kartet eller søkje på namn for fleire opplysningar om namna.

 

Vedlegg

Oppstartsbrev frå Kartverket (PDF, 115 kB)

 

Lenkjer

LOV OM STADNAMN (STADNAMNLOVA) - LOVDATA   

ORSKRIFT OM STADNAMN - LOVDATA

UTFYLLANDE REGLAR OM SKRIVEMÅTEN AV NORSKE STADNAMN (SPRAKRADET.NO)