Me inviterar igjen til Haust i Brokke!
Kvar haust arrangerer me HAUST på Djuvet i Brokke. Det er eit tun omringa av gamle setesdalsbygg som er restaurerte.
Haust er ikke berre ein marknad, det skal vere ein opplevelse for store og små, der ein kan nyte god mat, kanskje kjøpe med ein ting eller to heim til hytta. Men ikkje minst så har me fokus på aktivitetar spesielt for dei unge, men også for heile familien.
Ta turen, nyt stemninga og folkemusikken.
I år blir det mange flere utstillarar, det blir mange aktivitetar og ikkje minst servering av god mat!