I år er det 50 år sidan NRK TV-aksjonen starta. Kvart einaste haust sidan 1974 har born og vaksne over heile landet gått med bøsse og samla inn pengar til viktige formål.
Årets TV-aksjon er 20. oktober, og i år går pengane til Barnekreftforeningen. Du kan registrere deg på tvaksjonen.no frå 16. september, eller kontakte Anette Brottveit på e-post: anette.brottveit@valle.kommune.no eller på telefon: 37937500. Bøssebæringa skjer mellom kl. 12.00 og 14.00.