Med tema som kvinners ytringsklima på jobb og heime, kan ein snakke ope om kvinnehelse, er menn velkomne i samtalen og kva skal til for å få unge kvinner til å busette seg i Setesdal ventar eit innhaldsrikt program med fin balanse mellom det sosiale og det kvinnetematiske. Det blir servert middag, faglege innlegg og frisk dialog - og det er gratis å delta.
Dårleg samvit?
Etter velkomst klokka 16.30 går det slag i slag. Først ein god middag, så innslag under temaet “Heiltid eller deltid - dårleg samvit uansett”? May-Linda Magnussen, professor ved institutt for sosiologi og sosialt arbeid, UIA, har ordet. Marianne Gjellestad, rådgjevar for folkehelse i Agder fylkeskommune, spør “Kan ein snakke om kvinnehelse på arbeidsplassen”? Etter ein pause tar Åserals-ordførar Inger Lise Lund Stulien opp spørsmålet “Burde mennene ha vore her”? før konferansen blir avrunda med ei panelsamtale mellom dei tre som har hatt innlegg/tema. Heilt i slutten blir det sjølvsagt opna for spørsmål og innspel.
HER er lenke til arrangementet på Facebook
HER kan du melde deg på! Påmeldingsfrist er sundag 24. november.