Bruktlager i Storstoga i Valle

Valle kommune har no etablert eit bruktlager med kjøkkenutstyr og litt inventar i Storstoga i Valle. Ut denne veka kan lag og organisasjonar i kommunen som har lokalar dei disponerer, gratis hente det dei finn av nyttig utstyr der.

Frå neste veke av er det folk flest sin tur. Frå måndag 9. september til og med onsdag 11. september mellom klokka 08-19 kan den som vil det inn på lageret og sjå om ein finn noko av interesse.

Er sendt ut epost

– Alle aktuelle lag og organisasjonar har fått epost med informasjon om dette. Frå neste veke av er det altså fritt fram for alle, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Bruktlageret er fullt av kjøkkenutstyr og litt inventar som fylgje av opprydding og tøming i Valle kultursenter i påvente av byggearbeidet som skal resultere i nye Valle kultursenter.