Ekstra tilskot til grøfting/drenering i Agder i 2025

Fylkestinget i Agder vedtok i desember i fjor å bevilge 2 mill. kr. til landbruket for å auke dreneringsaktiviteten i fylket.

Agder fylkeskommune har ekstraordinære tilskot til grøfting/drenering i år. - Klikk for stort bileteAgder fylkeskommune har ekstraordinære tilskot til grøfting/drenering i år.

Agder fylkeskommune bidrar med tilskot til drenering av dyrka mark slik:

Systematisk grøfting, profilering og omgraving: 2000 kr. pr. dekar

Annan grøfting: 30 kr. pr. løpemeter grøft begrensa oppover til 2000 kr. pr. dekar

Midlane frå denne tilskotsordninga skal ikkje erstatte, men forsterke dei statlege tilskotsordningane. Ekstraordinære midlar frå fylkeskommunen legg til grunn godkjent statleg dreneringstilskot frå kommunen med mål om å betre jordkvaliteten.

Todelt prosess

Søknadsprosessen skal vere enkel. Ein søkjer først om ordinært statleg tilskot til kommunen. Når søknaden er godkjent sender kommunen etter avtale med søkjar kopi av vedtaket til Agder fylkeskommune. Eit positivt vedtak i kommunen blir vurdert som søknad på det ekstraordinære tilskotet frå fylkeskommunen. Når arbeidet er gjennomført og godkjent av kommunen, blir godkjenninga dokumentasjon for å utføre utbetaling av ekstratilskotet. Tilskotsordninga gjeld søknader sendt inn til kommunane etter 1. januar i år. 

Søknadsfrist er 1. april 2025. Tiltaket må vere gjennomført i løpet av 2027.