Eldre bør ta oppfriskingsdose av korona-vaksine
Nye studiar frå Folkehelseinstituttet viser at eldre har lågt nivå av beskyttande antistoff mot dei nyaste variantane av SARS-CoV-2 - og bør difor ta oppfriskingsdose av vaksine.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.11.2024 13:58
Sist endra 27.11.2024 13:58
Sjølv om det at så mange har hatt korona gjer oss meir motstandsdyktige, betyr ikkje det at me er imune. Så er altså folk med andre sjukdomar og eldre ekstra utsette. Det er difor ekstra fokus på at risikogruppene skal ta ei oppfriskingsdose. I Noreg har over ein halv million eldre til no gjort nettopp det.
– Eg vil oppmode alle over 65 år om å ta oppfriskingsdosa, seier kommuneoverlege i Bykle og Valle, Kjetil Juva.
HER kan ein lese meir informasjon frå Folkehelseinstituttet.