Munnharpa i Valle sentrum skal få bli ståande!

Dei fleste, men heldigvis ikkje alle, oppfatta at saka me la ut i går 1. april om at munnharpa i rundkøyringa ved Valle sentrum må fjernast, var ein aprilspøk.

Torgeir Hodne i Statens vegvesen var sporty og stilte opp for Valle kommune sin aprilspøk. Munnharpa lar han altså likevel stå i fred i rundkøyringa. - Klikk for stort bileteTorgeir Hodne i Statens vegvesen var sporty og stilte opp for Valle kommune sin aprilspøk. Munnharpa lar han altså likevel stå i fred i rundkøyringa. Ole Birger Lien

Saka på heimesida til Valle kommune vart delt på sosiale media, og dei langt fleste kommentarane viste at folk hadde fått med seg kva dato meldinga kom ut. 

Somme gjekk fem på

Likevel, som alltid var det somme som gjekk fem på - og det må jo vere heile poenget med ein aprilspøk. Så, konklusjonen er at munnharpa i Valle sentrum blir ståande - og det er eitt år til neste gong ein kan prøve å få folk ut på glattisen!