Naomi Frøytland (25) storkosar seg med trim opp mot dagsturhytta Lauvåsloptet.
Ole Birger Lien
Gledeleg må det også vere både for kommune og fylkeskommune, og ikkje minst alle som har med folkehelse å gjere, at ein ser både fastbuande, innflyttarar og gjennomreisande som nyttar seg av den flotte traseen oppover i lia aust for Valle sentrum.
Naturglad 25-åring
Nyleg var Naomi Frøytland frå Kristiansand ei av dei som tok turen oppover lia. 25-åringen er tilsett i pleie- og omsorg i Valle kommune, og vegen til Lauvåsloptet er eit av områda som alt er på favorittlista.
– Her er så flott! Både vegen opp og ikkje minst hytta og staden ho ligg. Her har eg vore mykje, seier Naomi.
Ho legg ikkje skjul på at naturen i Valle, ikkje minst alle dei fine skogsstiane, er viktige for henne.
Idyll
Heile vegen oppover lia angar av skog og mark. Det er rein idyll same kor ein snur seg. Om det no er den gamle trebenken i skogkanten, med utsyn mot bygda og alt det gule og grøne rundt. Om det er konglane på bakken, eller mosen på trea. Dei gamle vegane oppover fortel også sin historie om tidlegare generasjonar. Stort sett får ein gå på fast dekke oppover lia, og om det er noko blautt somme stader er det ingen problem å fote seg. Også utetter vinteren er vegen opp ein flott tur. Kan hende må ein fote seg litt forsiktig, men du verden så godt skogen kler også vinterkåpa!
Passa langt
Så er det ein god ting med turen til Lauvåsloptet, det er akkurat passa langt! Det betyr at turen er overkomeleg for mange. Vil ein ta det med ro og kose seg, kan ein det. Vil ein ha opp pulsen og helst sveitte seg opp, kan ein sanneleg det og. Vegen opp er såpass bratt at her kan ein verkeleg “slite” viss det er det ein er ute etter!
Lukt og lyd
Så må ein nemne dimensjonen alle som er glad i skog og hei kjenner så godt: lukt og lyd. Angen av naturen. Du verda, det er livsgnist i kvart andedrag! Og lydane. Vinden som kviskrar mellom trea. Fuglane som kvitrar. Ein tur opp til Lauvåsloptet er noko meir enn mosjon. Det er ei oppleving. Når ein tenker på kor nær Vallebygda alt dette ligg, finst det bare ein konklusjon: me er heldige!