Nettproblem i Telenor fører til problem med nødnummer landet rundt
Det er onsdag 13. november store problem med deler av Telenor sitt nett. Det har skapt utfordringar mange stader, og råkar også dei ulike nasjonale nødnummera. Men, nødnummera fungerer, det er bare oppkoblinga som tar ekstra tid!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 13.11.2024 12:42
Sist endra 13.11.2024 12:42
![](/handlers/bv.ashx/i096378f8-7747-4831-a091-a91af579c6e8/w1200/q2107/kf7125a370fe6/mobilmast2.jpeg)
Det betyr at må ein ringe eit nødnummer, må ein ikkje legge på om det tar tid å få ringetone. Telenor opplyser at oppkoblinga kan ta frå 2-40 sekundar. Ein må altså slå nummeret, ha litt tolmod, så skal det byrje å ringe etter litt tid.
Dette er nødnummera me nyttar her i landet:
110 brann
112 politi
113 lege
1412 for høyrselshemma
Telenor kan ikkje per no seie kva tid problema er løyste.