No blir det rigging og byggjegjerde ved Valle kultursenter

I samband med at nye Valle kultursenter skal byggjast kjem PK entreprenør til å sette i gang med rigging av utstyr og stenging av bygningsområdet i haustferien i veke 40. Byggegjerde kjem opp på vestsida av skulen og mot riksvegen.

Det er adgang forbode for uvedkomande på byggjeplassen. I veke 41 tar arbeidet med omleggjing av VA til, før riving av eksisterande bygningsmasse, grunnarbeid og betongarbeid går føre seg fram mot jol.

Deler av parkeringsplassen stengt

Deler av parkeringsplassen blir stengt og inngongen til Idrettshallen i nord og inngong til ungdomsskulen mot vest likeeins. Anleggstrafikk skal gå på nordsida av skulen og inn via port i byggegjerde. Brakkerigg blir montert i sør på grusplassen, og der skal også arbeidarane parkere. 

– Ny inngong til idrettshall, Møykjeromet og Smeddestoga blir i sørenden av hallen. Det skal grusast opp ein mellombels veg forbi SFO. Alle elevar på Valle skule skal bruke inngong mot aust, det gjeld også dei i ungdomsskulen. Lærarar skal bruke dagens inngong mot parkeringsplassen i vest, seier prosjekt/byggjeleiar Tone Straume Wikeland i Prosjekthuset AS.

Det er parkering for tilsette ved skulen fleire stader: nordre del av parkeringsplass (ca 12 bilar), ved hybelbygget (ca 6 bilar), ved sørsida av barnehagen (ca 7 plassar) og to plassar ved SFO.

– Dei som kan sykle på jobb, bør gjere det, seier Straume Wikeland.

Oppmodar alle om å køyre forsiktig

Foreldre som skal levere born til skulen bør stoppe og sleppe passasjerane av nord ved bussplassen for å redusere trafikken ved skuleområdet. Foreldre som skal levere i barnehagen må vere ekstra merksame i denne perioden. 

– Me oppmodar alle om å køyre ekstra forsiktig i denne perioden, og ta ein god prat med borna og ungdomen for å forklare den nye logistikken i området. Ein bør også minne dei på å respektere skilting og nye rutinar, seier Tone Straume Wikeland.

Viss ein lurer på noko kan ein kontakte prosjekt/byggjeleiaren på tlf 98210898