No er kloringa av vatnet i Vallebygda fullført

Folk i Valle måtte koke vatnet etter lekkasjen som oppstod for halvannan veke sidan. I ettertid har Valle kommune køyrt på med kloring i vassystemet for å sikre at all eventuell forureining skulle bli fjerna. No er kloringsprosessen over.

Geir Helge Solheim i Valle kommune seier at etterkloringa av vatn etter lekkasje og kokevarsel i Valle no er fullført.  - Klikk for stort bileteGeir Helge Solheim i Valle kommune seier at etterkloringa av vatn etter lekkasje og kokevarsel i Valle no er fullført. Ole Birger Lien

Den siste veka har folk som har drukke vatn frå springen merka ein viss smak og lukt av klor. Det er fordi det etter at lekkasjen vart tetta og kokevarselet oppheva vart kobla på eit klordoseringssystem for å sikre at heile anlegget skulle bli fullstendig reint.

– No er me ferdige med denne prosessen, og kloringa blir avslutta, seier Geir Helge Solheim i Valle kommune.

Det betyr at den svake smaken og lukta av klor i vatnet no skal avta. Det blir også rutinemessig teke vassprøver i tida som kjem, som ei sikring for vasskvaliteten. Ingen av vassprøvene som er tekne til no viser forureina vatn.