No reiser nye Valle kultursenter seg!

I desse dagar kjem reisverket på plass for nye Valle kultursenter.

Nye Valle kultursenter reiser seg! - Klikk for stort bileteNye Valle kultursenter reiser seg! Ole Birger Lien

No går det føre seg montasje av limtresøyler og fagverksdrager i storsalen. Alle dragarar er litt ulike på grunn av skråforma på salen, difor er det viktig å få rett element på rett plass. Siste fagverksdragar kom på plass i går. Sørlaminering er leverandør av alt i limtre. 

– Støyping av golv i fojaeen blir også gjort no, seier prosjektleiar Tone Straume Wikeland i Prosjekthuset AS.

Påskestans

I veke 16 tar byggjinga påskeferie - og i veke 17 skal mellom anna den prefabrikkerte betongtrappa på plass.