Sigurd Løyland, med meir enn 13000 km på sykkelsetet i år, fekk æra av å kutte snora for den nye gang- og sykkelvegen i Valle.
Ole Birger Lien
For det er overskotsmasse frå anna anleggsarbeid i dalen, ikkje minst arbeidet med endå meir gang- og sykkelveg i Hylestad, som har blitt nytta på den nyopna gang- og sykkelvegen. Også asfalteringa har kome på plass etter at Statens vegvesen omdisponerte midlar.
– Eit godt bonusprosjekt me er glade for å ha fått til. Dette er del av satsinga me kallar mjukt sideterreng. Me er sers nøgde med samarbeidet både med Hovden Hytteservice som hovudentreprenør, Valle kommune og grunneigarar, sa senioringeniør i Statens vegvesen, Sigurd Wiberg, under opninga.
Imponert ordførar
Valle-ordførar Lars Tarald Myrum la ikkje skjul på at prosjektet Honnevje-Einang bru har imponert han.
– Dette viser kva ein kan få til når det er interesse og vilje slik ein ser i Statens vegvesen. Den fleksibiliteten og måten dei opererer på er nærast unik. Eg fekk høyre at det skulle asfalt på her, og før eg visste ordet av det var alt på plass. No kan Valle kommune etter kvart skilte med svært mange kilometer asfaltert gang- og sykkelveg. Det gler meg stort. Både med tanke på trafikktryggleik men også klima og miljø og ikkje minst folkehelse er dette heilt framifrå, sa han.
Ivrig brukar kutta snora
Det var ikkje kven som helst som var hanka inn som snorkuttar for gang- og sykkelvegen. Sigurd Løyland frå Valle, med meir enn 13000 km på sykkelsetet til no i år, er nok utan tvil den mest ivrige brukaren av gang- og sykkelvegar i kommunen, og han har ikkje lagt skjul på at han såg fram til traseen også skulle få asfalt på seg. Det var difor ein nøgd snorkuttar som kunne trø til og stå for opningsseremonien.
Både arbeidarar og bygdefolk ville ha med seg opninga av 1700 meter ny gang- og sykkelveg i Valle.
Ole Birger Lien