Oransje varsel om betydeleg snøskredfare i heia i Agder

Laurdag 6. april er det sendt ut oransje farevarsel om snøskredfare til fjells i Agder. Varselet gjeld mellom andre kommunane Valle og Bykle.

Det er sendt ut oranszje farevarsel for snøskred i fjella i Agder laurdag. - Klikk for stort bileteDet er sendt ut oransje farevarsel for snøskred i fjella i Agder laurdag. Ole Birger Lien

På varsom.no blir det opplyst at det er aukande skredfare i takt med aukande temperaturar utetter laurdagen og resten av helga. 

Kan løyse seg sjølv ut

Sjølv om det jamnt er ferdsle i utrygge område som løyser ut skred, er det no så ustabile massar at det også kan kome skred av seg sjølv. Spesielt viss regnet som er meldt kjem, aukar skredfaren.

varsom.no kan ein halde seg oppdatert. Uansett meldingar er det på denne tida av året bare ein ting som gjeld: ver forsiktig! At isen mange stader byrjar å bli usikker, gjer det endå meir viktig å passe seg.