Setesdal brannvesen med informasjonskveld for potensielt nye brannkonstablar
Vurderer du å melde deg som brannkonstabel i Valle og Hylestad? Då er Valle brannstasjon staden å vere klokka 18 torsdag 5. desember, for der skipar Setesdal brannvesen IKS til informasjonskveld.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.12.2024 09:38
Sist endra 05.12.2024 09:38
![](/handlers/bv.ashx/i3e1dff8f-aa47-4f7f-a651-4e7f2afe7dff/w1200/q2196/k7839cc07f56c/infokveld-brannvesen-plakat.jpg)
Frå 18-20 kan alle som tenker tanken på å bli brannkonstabel kome med dei spørsmåla dei måtte ha - og brannvesenet orienterer om det meste som høyrer slike stillingar til. Dei to lokale utrykningsleiarane kjem også til å delta på møtet. Me har tidlegare skrive at Setesdal brannvesen IKS har fleire ledige stillingar rundt om i dalen.
HER finn du heimesida til Setesdal brannvesen IKS.