Alle som lastar ned Civis og fylgjer Valle kommune får varsel med ei overskrift, bilete og ein ingress. Er ein interessert i meir om den aktuelle saka, er sjølve oppslaget på heimesida bare eit tastetrykk unna. Det er altså gratis å laste ned og bruke Civis.
Sjølvbetjening
I tillegg til varslinga er det ein eigen sjølvbetjeningsfunksjon der ein kan finne alt frå politiske saker til postlister og viktige telefonnummer. Det neste målet for Valle kommune er at 1000 menneskal skal fylgje det som skjer via Civis - så for alle som ikkje har lasta ned appen er det bae å gnu på! Så er det altså eit poeng at i tillegg til å laste ned appen og krysse av for å fylgje Valle kommune, må ein krysse av for kategorien “nytt frå Valle kommune”. Då får ein varsling om alt av nyheitssaker som blir lagt ut!
HER kan du laste ned Civis for Android
HER kan du laste ned Civis for Apple
Hugs å krysse av at du vil fylgje Valle kommune!