Statens vegvesen vil flytte munnharpa i Valle

Statens vegvesen har bestemt at munnharpa i den nye rundkøyringa ved avkøyrsla til Valle sentrum må flyttast.

– Folk stoppar opp og vil ta bilete, noko som alt har ført til fleire nesten-ulykker. Slik kan me ikkje ha det, seier Torgeir Hodne i Statens vegvesen.

Torgeir Hodne i Statens vegvesen slår fast at munnharpa i rundkøyringa ved Valle sentrum må flyttast.  - Klikk for stort bileteTorgeir Hodne i Statens vegvesen slår fast at munnharpa i rundkøyringa ved Valle sentrum må flyttast. Ole Birger Lien

Han legg til at tre-fire gonger bare den siste tida har det oppstått nesten kø ved munnharpa, og folk som ikkje vil stoppe har slite med å kome seg forbi.

– Då blir sjåførane irriterte, og irriterte menneske bak rattet aukar ikkje tryggleiken for nokon, slår han fast.

Til Honnevje

Statens vegvesen har no beslutta å flytte munnharpa til den populære badeplassen Honnevje, 600-700 meter nordover langs riksveg 9.

– Me ser jo at der er det mykje folk året rundt, no er det til og med badstoge der, så det må passe greitt. Me overtok eigarskapen til munnharpa då me monterte den i rundkøyringa, difor er det me som må avgjere kor ho gjer mest nytte for seg. Som blikkfang på Honnevje blir dette bra, og me slepp fleire uheldige situasjonar i og ved rundkøyringa, trur Torgeir Hodne.

Handelsstanden reagerer

Handelsstanden i Valle reagerer sterkt på avgjersla. Statens vegvesen sendte melding om flyttinga for ei dryg veke sidan, og det har kome inn fleire klager.

– Dette meiner me er eit overtramp. No har me arbeidd for å få denne rundkøyringa i mange år, og når ho endeleg står der blir ho utsmykka av ei munnharpe som blir lagt merke til i heile landsdelen. Så skal ho fjernast? Me har sendt inn klage, men opplever vegvesenet som veldig arrogante. Me fekk bare beskjed om at dette alt vart avgjort og det var ingenting me kunne gjere. Dette reduserer heile effekten av rundkøyringa, meiner leiar i Valle sentrumsforeining, Elisabeth Spockeli.

– Me forstår at folk gjerne vil ha munnharpa der ho står i dag, men for oss betyr trafikktryggleiken mest. Dette er eit ansvar Statens vegvesen må ta. Me går i gang med flyttinga like over påske, seier Torgeir Hodne.

Leiar i Valle sentrumsforeining, Elisabeth Spockeli, reagerer sterkt på at munnharpa skal flyttast bort frå rundkøyringa ved Valle sentrum. - Klikk for stort bileteLeiar i Valle sentrumsforeining, Elisabeth Spockeli, reagerer sterkt på at munnharpa skal flyttast bort frå rundkøyringa ved Valle sentrum. Ole Birger Lien