Straumstans i skuleområdet i Valle torsdag 21. november

På grunn av omleggjing av høgspenten rundt det som blir bygningskroppen i nye Valle kultursenter har det vorte utført eit intensivt gravearbeid ved Valle skule den siste tida. No er omleggjinga snart fullført.

Omleggjinga av høgspenten ved Valle skule er snart gjennomført. - Klikk for stort bileteOmleggjinga av høgspenten ved Valle skule er snart gjennomført. Valle kommune

Sjølve omkoblinga av høgspenten skal gjerast torsdag 21. november. Den dagen, frå klokka 22.00 og til klokka 04.00 fredagsnatta, er det straumstans i skuleområdet og nærliggjande område.

– I veke 48 blir det omleggjing av vatn og avløp, då blir dagens inngong til hallen i nord stengt. Oppstart rivearbeid blir i veke 49, så tar grunnarbeidet til i januar, seier prosjektleiar i Prosjekthuset AS, Tone Straume Wikeland.

Ikkje parker i skulegarden!

Valles første gangfelt er no merka opp ved skulen. Borna viser at dei er flinke til å fylgje det nye trafikkmønsteret. Så har det skjedd fleire gonger at folk som skal i hallen og skytebanen har køyrt inn og parkert i skulegarden. Det skal ingen gjere.

– Ein kan nytte parkering ved barnehagen eller hybelbygget. Det er avgjerande for tryggleiken at absolutt alle respekterer skiltinga i området, seier Straume Wikeland.