Vaksinering mot influensa og korona ved Valle legekontor 15.- og 22. oktober

I starten av oktober kjem årets vaksiner mot influensa og korona. Ved Valle legekontor blir det skipa til eigne vaksinasjonsdagar.

Det er vaksinering mot korona og influensa på Valle legekontor 15.- og 22. oktober. - Klikk for stort bileteDet er vaksinering mot korona og influensa på Valle legekontor 15.- og 22. oktober.

15.- og 22. oktober er peika ut som dagar der så mange som råd av dei som vil ta vaksina, skal få gjere det ved Valle legekontor. Det er ei ny og oppdatert koronavaksine som kjem, og altså vaksine mot sesonginfluensa. Koronavaksina er gratis. Dei som ynskjer influensavaksine må betale det sjølv. For personar i risikogrupper er prisen 106 kr. I tillegg kjem ein eigenandel på 64 kr. viss ein ikkje har frikort.

65 år og eldre

Målgrupper for koronavaksine er dei som er 65 år og eldre, og dei som bur på sjukeheim. Folk mellom 18-64 år som mer i ei risikogruppe er også målgruppe, og alle mellom 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom. Dei mellom 6 mnd-11 år med alvorleg grunnsjukdom kan vere aktuelle etter individuell vurdering. I tillegg er gravide i målgruppa for koronavaksine, og personar som bur saman med immunsupprimerte.

Kontakt legekontoret

For den som vil vaksinere seg 15.- eller 22. oktober, gjeld det å kontakte Valle legekontor for å få meir informasjon om kva tid ein kan kome. 

For meir informasjon om koronavaksine, influensavaksine og kikhoste - sjå HER