Valle Bygdeheim inviterer inn til middag jolaftan

Det blir eit triveleg bordsete på Valle Bygdeheim jolaftan, med middag både for bebuarar men også andre i kommunen som vil vere med.

Bjørg Straume og resten av kjøkkengjengen på Valle Bygdeheim er klar for jolemiddag jolaftan for bebuarar og alle andre som har lyst til å vere med. - Klikk for stort bileteBjørg Straume og resten av kjøkkengjengen på Valle Bygdeheim er klar for jolemiddag jolaftan for bebuarar og alle andre som har lyst til å vere med. Ole Birger Lien

Klokka 17 sessar alle seg rundt bordet og kan nyte spa, lefse og alt det herlege som høyrer matbordet til denne dagen. Aldeles gratis, også for dei som ikkje er tilhøyrande på heimen til vanleg.

Må ringe og melde seg på

Så seier det seg sjølv at dei som skal stå for kokkeleringa jolaftan må vite kor mange dei skal lage mat til. Difor må ein melde seg på - og det gjer ein enkelt ved å ringe Solveig Kyrvestad på tlf 91247155 innan 16. desember. Og den som treng skyss må bare be om det, så blir transporten ordna!