Valle kommune skipa til innhaldsrik næringsfrukost

Tysdag morgon samla Valle kommune lokalt næringsliv til næringsfrukost på Sølvgarden hotell. Det vart eit innhaldsrikt møte.

Næringslivet møtte opp til næringsfrukost på Sølvgarden hotell. - Klikk for stort bileteNæringslivet møtte opp til næringsfrukost på Sølvgarden hotell. Ole Birger Lien

Etter smakeleg frukost baud ordførar Lars Tarald Myrum velkomen før kommunedirektør Vidar H. Homme og rådgjevar plan og næring Åse Ingebjørg Flateland tok over. Flateland tok for seg arbeid som går føre seg i kommunen no - og kva som er på gang utetter hausten. Ikkje minst var prioriteringar og forventningar knytta til ny næringsplan tema denne morgonen.

– Det var ein del fokus på næringsareal- og lokalar. Verksemder som vil utvikle seg vidare treng plass. I tillegg vart behovet for bustader i kommunen tema. Det er no bustader under byggjing, men på sikt trengst det nok meir, seier Åse Ingebjørg Flateland.

Også barnehageplassar vart tema. Dette kom i samband med eit felles ynskje frå alle aktørar om god rekruttering og auke i folketalet - då trengst det sjølvsagt alt frå barnehageplassar til bustader for dei som kjem.

– Eit godt møte med klare innspel og konstruktiv dialog, seier Flateland.

Banksjefen med

Den nye sjefen i Valle sparebank, Elisabeth Slettedal, var også med. Ho presenterte både seg sjølv og tankar rundt bankverksemda i åra som kjem for eit lokalt næringsliv som sjølvsagt ser på ikkje bare kommunen men også lokalbanken som ein naturleg samarbeidspartnar. 

Ny sjef i Valle sparebank, Elisabeth Slettedal, var på plass. - Klikk for stort bileteNy sjef i Valle sparebank, Elisabeth Slettedal, var på plass. Ole Birger Lien