Vallehalli open tre dagar i påska

Både måndag 14. april, tysdag 15. april og dessutan sundag 1. påskedag er det ope i Vallehalli. Frå klokka 08 om morgonen til 20 om kvelden kan store og små tumle med det dei har lyst til!

I hallen blir det ope i to toalett/garderobar - dørene blir merkte slik at folk skal finne greitt fram. Eit lager med utstyr blir også tilgjengeleg.

– Så håpar me at alle forstår at når me her opnar hallen baserer me heile opplegget på tillit. Det er sers viktig at folk rydder etter seg - og skulle me vere så uheldige at det ser “bomba” ut i hallen etter tysdag 15. april kan me ikkje ha ope 1. påskedag, seier leiar kultur og fritid i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Folkehelse

Å ha ope i Vallehalli også somme dagar i påska er både eit trivselstiltak men også positivt med tanke på folkehelse.

– No håpar me at mange nyttar seg av sjansen, og at dette fungerer greitt i høve rydding og alt anna. Viss alt går fint er dette eit godt døme på “ekstratilbod” ein kan tenke seg meir av i Valle kommune, seier kultursjefen.