Vedtak om mindre endring av detaljreguleringsplan for Kvisletoppen Sør – F8 (Plan ID: 201903).

Ved handsaming i Plan- og miljøutvalet den 13.02.2024 av sak 7/2024, vart kommunedirektørens tilråding vedteke.

Endringa gjeld kart og føresegner. Endringa gjeld hovudsakleg å fjerna maksuttak av masse, uttaksdybde, utforming og landskapstilpassing for å unngå store skjeringar og for eit meir naturleg uttrykk.

Dersom du er part, eller på annan måte har rettsleg klageinteresse, har du høve til å klaga på vedtaket, med heimel i plan- og bygningslova §§ 1-9 og 12-12, 3.ledd og forvaltningslova § 28.

Dersom du vil klaga, må du gjera det innan 11.03.2024. Klaga må setjast fram skriftleg og må vera grunngitt og underteikna av klagaren.

Planforslaget og dokumenta finnast i vårt planregister, Arealplaner.no. Der kan du og sende innspel til planen.

Innspel kan også sendast til Valle kommune, postboks 4, 4746 Valle, eller på E-post: post@valle.kommune.no