Leikarringen i sving.
Ole Birger Lien
Til festivalen sist veke var også foreldre frå både Bykle og Bygland velkomne. Oppslutninga om arrangementa frå måndag til onsdag viste at her har ein treft eit temaområde som naturleg nok opptar mange. “Borna er det viktigaste me har”, høyrer ein jamnt. Foreldrefestivalen tyder på at det er meir enn bare ord!
– Eg er stolt og glad over å kunne stå for opninga av denne festivalen, med eit innhald av verkeleg høg kvalitet. Eg er viss på at me alle har mykje att av å vere med, sa ordførar Lars Tarald Myrum då festivalen tok til. Etter opningstalen fekk kulturskulen sleppe til med fleire fine innslag. Her var alt frå leikarring til songgrupper i sving!
Innhaldsrike dagar
Festivalen gjekk altså føre seg i soknehuset på Rysstad. Måndag 16. september var temaet mobbing og inkludering. Då kom Ingrid Lund frå universitetet i Agder, og det vart rom for drøftingar og innspel som del av kvelden. Dagen etter var temaet born og grenser, med Hans Holter Solhjell frå organisasjonen Foreldrekompetanse i spissen. Onsdagen drøfta ein korleis ein kan byggje laget rundt barnet, med undertittel små handlingar, store skilnader, med Siri Abrahamsen frå Gleding i front.
Ny runde neste år
– Eg er sers nøgd med gjennomføringa. Mykje bra innhald, og tema som passa godt saman. Jamnt over var oppslutninga god, og no er me i gang både med evaluering og planlegging for neste år. Då skal me prøve å leggje endå meir til rette slik at endå fleire foreldre har sjans til å delta, seier leiar i barnevernet i Setesdal, Hedda Helene Schaanning.