Valle kommune: Bygd for livsglede og moglegheiter

Valle kommune, hjartet i Setesdal, byr på ein unik kombinasjon av naturskjønnheit, fellesskap og livskvalitet. Å bu her som vaksen, er å omfamne ei livsstil der du kan leve tett på naturen, vere ein del av eit aktivt samfunn, og finne roen i kvardagen. Solveig Kyrvestad, som bur i Valle, gir eit innblikk i korleis det er å bu i Valle som vaksen og hennar erfaringar.

Privat bilete

Eit liv i tett kontakt med naturen

Solveig er oppvokst i Valle, men måtte flytte då ho var 16 år på grunn av utdanning. I 2010 bestemte ho seg for å flytte tilbake til Valle. For ho har Valle alltid vore heimen, og ho fant tilbake til røtene sine her. 

- “Eg kom til Valle fordi eg trengte barnepass,” seier ho og ler. “Men etter kvart har eg innsett kor mykje eg set pris på å bu her, spesielt på grunn av naturen. Det er ein eigen ro i å kunne gå rett ut av døra og vere omringa av fjell og skog. På ein time kan du vere oppe på 1000 moh utan å måtte planlegge noko særleg," legg ho til.

Å kunne drive med hest og vere ute i naturen er ein stor del av kvardagen hennar. Ho er heldig som har foreldre med ein gard der ho kan halde på med det ho elskar mest.

- “Det er ein fantastisk moglegheit her i Valle. Ein kan kombinere arbeid og fritid på ein unik måte,” seier ho.

Felleskapskjensla

Valle er meir enn berre ein stad å bu, det er eit samfunn der ein kan finne sin plass både i jobb og fritid. 

- “Ein kjenner på ei tilhøyrsle her. Eg er aktiv i Valle IL og arrangerer ulike aktivitetar. Det er ikkje berre eg som gjer alt, det handlar om samarbeid, i tillegg til fleire som melder seg frivillige for å hjelpe til. Det er å delta på ulike ting gjer at ein får denne fellesskapskjensla," seier Solveig.

For dei som vurderer å flytte til Valle, er det mange moglegheiter for å delta i det sosiale livet, sjølv om det kan krevje litt innsats. 

- “Då eg vart med i Valle IL, oppdaga eg kor mykje meir som skjer her enn det ein kanskje ser ved første augekast. Ein må berre vere villig til å finne ut av det,” seier ho.

Gode tenester og oppvekstvilkår

Valle er også ein stad der ein kan føle seg trygg på at ein får dei tenestane ein treng, enten det er skule, helse eller fritidstilbod. 

Solveig som er leiar i pleie og omsorg legg til at det er viktig å behalde dei ansatte dei har, i tillegg til å rekruttere nye, og passe på at arbeidsplassen er spennende stad å jobbe. 

- “Tenestenivået i Valle  vil eg sei er veldig bra, med gode tilbud og flinke folk," seier ho og legg til “eg har jo ein datter som flytta saman med meg til valle då ho var i 2. klasse. Ho har jo funnet tilhøyrslse her, og det vil eg tru er fordi ein kjenner at Valle er ein trygg plass å bu”.  

Valle kommune– ein stad for deg?

Til dei som vurderer å flytte til Valle, er bodskapen klar: 

- "Dersom du likar naturen, er Valle ein fantastisk plass. Det er rolegare her enn i ein storby, men det betyr ikkje at det er lite å gjere. Vi har mange aktivitetar både utandørs og innandørs, lag og organisasjonar du kan delta i, og det er ein rimeleg plass å bu," seier Solveig.

Valle er i stadig utvikling, med nye tilbod og moglegheiter som kjem til. 

- “Vi har så mykje å tilby – frå alpinanlegg til turstiar, frå kaféar til frisbeebane. Valle står ikkje stille, og det er noko for ein kvar smak her,” seier ho.

Å bu i Valle er å vere ein del av eit samfunn som verdset natur, den rolege følelsen, samhald og utvikling. Her finst ein balanse mellom arbeid og fritid, og ein livsstil som gir av både verda og naturen.

 

Av Birgitte Åmlid Haugeland