Foreldrefestivalen Valle 2024 16.-23. september

På vegne av Valle kommune inviterar prosjektet «saman om ein god oppvekst» alle foreldre i Bykle, Valle og Bygland til foreldrefestival med mange spennande tema for påfyll av kunnskap kring borns oppvekst og foreldrerolla. Me håpar å sjå deg!

Det vert også innbyggjarverkstad måndag 23.

Program:

Måndag 16.9
Inkludering og mobbing
Ingunn Lund v/UIA

Jan Arve Olsen

Ingrid Lund er professor i spesialpedagogikk, forfattar og familieterapeut og arbeider ved Universitetet i Agder. Ho har jobba som spesialpedagog i skulen og i barne- og ungdomspsykiatri i mange år, spesielt inn mot barn, unge og vaksne som utfordrar relasjonar og system. Hennar forsking er knytt til åtferdsproblematikk og læringsmiljøutvikling, og ho har leia fleire store forskingsprosjekt. Lund rettleiar, kurser og underviser ved universitet og høgskular, for kommunar, organisasjonar, skular og barnehagar m.m. Ho har gitt ut fleire bøker og artiklar der tematikken er åtferd, læringsmiljøutvikling og psykisk helse.

 

 

Tysdag 17.9
Barn og grenser
Hans Hoter Solhjell v/Foreldrekometanse

Hans har drive kurs og rettleiingsverksemd sidan 2006. Før Hans starta eigen verksemd hadde han gjort ferdig eit hovudfag i pedagogikk, og også jobba ein periode ved Politihøgskulen i Oslo, der han underviste i psykologi.

Hans har drive aktivt med sjølvutvikling og vore oppteken av lærings- og endringsprosessar, kroppsorienterte metodar, kommunikasjon og konflikthandtering m.m. sidan tidleg i 20-åra.

 

 

Onsdag 18.9
Små handlingar, store forskjellar  - korleis bygge laget rundt barnet
Siri Abrahamsen v/Gleding

Vi vil det beste for barna våre, likevel er det krevjande å stå saman i kvardagen. Korleis kan vi styrke laget rundt barna? Siri Abrahamsen er spesielt oppteken av dette.

Korleis kan vi skape ein oppvekst for livet? Siri sitt foredrag handlar om dei små handlingane som gjer ein stor skilnad. Om å bli betre kjent med oss sjølve og kvarandre slik at vi blir meir robuste og saman kan tole livet på godt og vondt.

 

 

 

 

 

Måndag 23.9
Innbyggjarverkstad ved Valle kommune og Marco Elsafadi om  Inkludering og friviljugheit - meir informasjon kjem!
 

 

Marco Elsafadi er i tillegg til å vere foredragshaldar ein skikkeleg eldsjel og toppidrettsutøvar. Marco held foredrag for næringslivet, det offentlege apparatet og i skulen, og snakkar om motivasjon, leiing, arbeidskultur, teambygging, å handtere motgang, mobbing og relasjonane si kraft.

 

 

 

 

 

Klokka 18 kvar dag på Hylestad soknehus