It Takes a Village - ein dag for barns oppvekst

Laurdag 15. november | Hylestad soknehus | Kl. 09:00–15:00

Eitt barn - ein dal - mange hender

Velkomen til It Takes a Village - ein festivaldag i Valle som samlar alle som bryr seg om barns oppvekst; foreldre, besteforeldre, frivillige og fagfolk frå ulike felt. Målet er enkelt: å dele kunnskap, skape refleksjon og styrke det lokale fellesskapet som gir barn gode vilkår.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Program for dagen:

09:00 – Velkomen og innleiing

09:15-11:15 – Siri Abrahamsem – «Små handlinger – store forskjellar»

Ein refleksjon om kor mykje små, konkrete handlingar betyr i møte med kvarandre. Foredraget tek utgangspunkt i tanken om at mellommenneskelge møte kan løfte eller tynge – og viser korleis varme ,bevisstheit og velvilje gjer ein konkret forskjell i kvardagen.

11:15-12:15 – Vegard Nilsen – «Gode oppvekstvilkår»

Ei faktabasewrt og granskande sesjon om kva som fremjar god utvikling: søvn, kosthald, relasjonar og sosiale ferdigheiter. Gjennom statistikk, perspektivtaking og opne spørsmål inviterer Vegard til refleksjon: kva vektlegg vi, og kva går under radaren? Kan sosiale ferdigheiter vere viktigare enn tidleg lesing – og korleis legg skule, heim og samfunn til rette for dette?

 

12:15-13:00 – Gratis lunsj

 

 

13:00-15:00 – Alexander Read – «Robuste barn»

Med bakgrunn i ekspedisjonar, naturterapi og formidling viser Alexander Read korleis naturen kan brukast som verktøy for å bygge livsrobustheit, styrke relasjonar og utvikle indre styrke. Praktiske erfaringar og historier frå turar gir konkrete verktøy for familieliv og folkehelse.

 

I tillegg blir det open barnehage i Hylestad barnehage (påmelding kjem), og det kan kome spennande aktivitetar for barna i løpet av dagen – meir informasjon følgjer!

 

Arrangementet er gratis og ope for alle – kom og delta i samtalar som betyr noko for barna i dalen vår.