Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Vaksenopplæringa tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter Ny lov om integrerering. Norskkursa følgjer Læreplan for vaksne innvandrarar.
Norskkurs er på dagtid. Valle vaksenopplæring tar inn nye deltakarar gjennom heile skuleåret.
A1 Byrjarnivå
A2 Litt vidarekomen
B1 Vidarekomen
Her finn du informasjon om opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
Skjema for søknad/krav om opplæring i norsk og samfunnskunnskap:
Du får svar på søknaden/kravet innan tre månadar. Du kan levere søknaden/kravet på skulen eller sende den i posten til Valle skule.
Desse har vanlegvis rett og plikt til norskopplæring (gratis norskkurs):
- Innvandrarar med flyktningstatus
- Innvandrarar med opphald på humanitært grunnlag
- Familiegjenforente med person(ar) frå gruppene over eller med norske eller andre nordiske borgarar (med unntak av dei som har opphaldsrett som familiemedlem etter EØS-regelverket.)
Dersom skulen har kapasitet, kan det og vere aktuelt å tilby opplæring til søkjarar som ikkje har rett og plikt til norskopplæring
Førebuande opplæring for vaksne
Det kan vere mange årsakar til at vaksne treng grunnskuleopplæring; ikkje oppnådd fullverdig grunnskule, behov for ny opplæring grunna sjukdom/skade eller behov for grunnleggjande ferdigheiter for å kunne vidareutdanne seg eller få arbeid.
For å ha rett til førebuande opplæring for vaksne, må den vaksne:
- Vere over opplæringspliktig alder
- Ha behov for førebuande opplæring for vaksne (grunnskuleopplæring)
- Ha lovleg opphald i Noreg
Retten gjeld og for dei som har fullført grunnskulen, men som likevel treng meir førebuande opplæring for vaksne (grunnskuleopplæring). Denne retten er regulert i opplæringslova kapittel 18-2. Vaksne skal få tilbod om realkompetansevurdering før inntak til førebuande opplæring for vaksne slik at opplæringa kan tilpassast kvar deltakar.
Førebuande opplæring for vaksne for vaksne er for vaksne søkjarar som ikkje har fullført grunnskule. Opplæringa går over 2 år og skjer i faga:
- Norsk for språklege minoritetar – Førebuande opplæring for vaksne
- Norsk – Førebuande opplæring for vaksne
- Matematikk – Førebuande opplæring for vaksne
- Engelsk – Førebuande opplæring for vaksne
- Samfunnsfag – Førebuande opplæring for vaksne
- Naturfag – Førebuande opplæring for vaksne
- Grunnmodul – Førebuande opplæring for vaksne
Opplæringa er på dagtid og følgjer vanleg skuleår.
Norskprøve:
Valle vaksenopplæring arrangerer norskprøve 2 gonger i året; vinter og sommar. Dersom du vil ta norskprøve ønskjer vi at du tar kontakt med Valle vaksenopplæring før oppmeldingsperioden. Valle vaksenopplæring melder deg då opp til norskprøve. Dersom du kontaktar oss i oppmeldingsperioden kan vi ikkje garantere at vi får nok tid til å melde deg opp til norskprøve før om eit halvt år seinare. 1. forsøk er gratis, men 2. forsøk og seinare forsøk må du betale for.
Dersom du ikkje møtar opp til prøva på 1. forsøk må du betale for prøva. Du kan ikkje melde deg av, dersom du allereie er meldt på til ei norskprøve.
Du finn informasjon om prøver, oppmeldingperiodar og gjennomføringsperiodar her.
Samfunnskunnskapsprøve
Ta kontakt med Valle vaksenopplæring dersom du ønskjer å gjennomføre samfunnskunnskapsprøve.
Samfunnskunnskapsprøva er gratis 1. gong for dei som har rett og plikt til opplæring i samfunnskunnskap.
Du finn informasjon om prøva her
Statsborgarprøve:
Ta kontakt med Valle vaksenopplæring dersom du ønskjer å ta statsborgarprøve.
Alle må betale for kvart forsøk på å ta statsborgarprøve.
Du finn informasjon om prøva her.
Hovudmål på skulen og vaksenopplæringa:
Informasjon om hovudmålet både på 1.-10. trinn og for vaksenopplæringa finn du her.
Ordensreglement:
Du finn ordensreglement for Valle vaksenopplæring her. (DOCX, 21 kB)