StartlånStartlån er lån til etablering av den første bustaden din. Du kan søkje kommunen om startlån. TenesteomtaleHar du langvarige finansieringsproblem med bustaden, kan startlån bidra til at du kan skaffe deg ein nøktern og rimeleg bustad. Startlånet kan bli gjeve som topp- eller fullfinansiering tilkjøp av bustadutbetring og tilpassing av bustadtoppfinansiering ved bygging av ny bustadrefinansiering av dyre lån slik at husstanden kan bli buande i bustaden Startlånet er behovsprøvd, og kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinære kredittinstitusjonar. I vurderinga legg kommunen vekt på om du har langvarige problem med å finansiere eigd bustad og har nytta moglegheita til sparing innanfor dei økonomiske rammene du har.Kriterium/vilkårBusituasjonen din er ikkje tilfredsstillande. Du må kunne dokumentere kva husstanden kan betale samla og vere i stand til å betene renter og avdrag på lånet. Du må ha evne til å betene lånet over tid og fortsatt ha nødvendige midlar igjen til livsopphald.Pris for tenestaStartlån frå kommunen skal ta utgangspunkt i rente- og avdragsvilkåra i Husbanken.SøknadsskjemaStartlån og tilskot frå kommunenLoverForskrift om lån fra HusbankenGjeldsinformasjonslovenForvaltningslovenHusbanklovenKorleis få utført eller motta tenestaDu må søkje elektronisk HER Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om startlån.VedleggSjølvmelding for det siste åretLønsslipp/trygdeutbetaling for dei to siste månadeneDokumentasjon på anna inntekt enn løn eller trygdStadfesting av annan finansiering/eigenkapitalKopi av gyldig legitimasjonSaksbehandlingstidKommunen skal behandle saken så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.Høve til å klageDersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå den datoen du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen for behandling. Publisert 23.11.2023 09:58 Sist endra 11.04.2025 12:58