StøttekontaktDu kan søkje om å få støttekontakt dersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller komme ut av eit isolert tilvære. Støttekontakten får godtgjering frå kommunen. De møtast heime eller går på kafé, kino eller gjer andre aktivitetar saman. Det er dine interesser og behov som avgjer. Tenesta kan gjevast individuelt eller i gruppe. MålgruppePersonar og familiar som har behov for støttekontakt på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problemKriterium/vilkårKommunen vil i samarbeid med deg avgjere om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er ditt eller familien sitt behov som er avgjerande.PrisTenesta er gratis. Du skal ikkje betale for utgiftene til støttekontakten.Brosjyrer og dokumentFritid for alleGrenselaus fritidPasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenestenStøttekontakt (Helsenorge)Lover og forskrifterDette er ei lovpålagd teneste. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-2.ForvaltningslovenHelse- og omsorgstjenestelovenRettleiing - korleis få utførtDu kan vende deg til kommunen for å få hjelp til å søkje om støttekontakt, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkomande ha fullmakt. Publisert 31.10.2023 16:11 Sist endra 25.11.2023 08:59