Særskilt sårbare barn
Skule og barnehage har eit skjerpa ansvar for å ivareta barn som er særskilt sårbare.
Faktorar som kan auke sårbarheita hos den einskilde:
- det individuelle (som sjukdom, diagnosar, temperament, kjensler og uttrykk, språkvanskar, kjønnsuttrykk)
- familie (omsorgssvikt, psykisk sjukdom, samlivsbrot, rus, høgt konfliktnivå, barnet bur i fosterheim/institusjon, sosial kontroll)
- jevnaldrande (som krenkingar (før og no), utfordring i å etablere og bli i stabile vennerelasjonar)
- miljøet (som fattigdom, kriminalitet, mangel på sosialt nettverk, æreskultur).
Om barnet har 3-4 av desse risikofaktorane: auka risiko
Om barnet har over 5: høg risiko
Handtering:
- Skuler, barnehagar og helsestasjon må ha eigne rutiner på korleis dei kartlegger sårbarshetsfaktorar hjå barn og unge.
- Tenker du sårbarheita handlar om skulemiljø eller barnehagemiljø? Følg eigen kommunal handlingsrettleiar knytt til “trygt og godt skulemiljø” eller “trygt og godt barnehagemiljø”.
- Ved identifisering av anna sårbarheit, vurder å gå vidare til steg 1.
Publisert 03.07.2024 10:56
Sist endra 06.08.2025 10:36