Kokevarsel for Valle vassverk/Оголошення про кип’ятіння води у Валлебігді

Onsdag kveld vart det sendt ut kokevarsel frå Valle kommune til alle abonnentar tilknytta Valle vassverk – det vil seie alle husstandar og verksemder i Vallebygda. Årsaka er funn av koliforme bakteriar i drikkevatnet.

Kommunen har sett i gang spyling av leidningsnettet, og arbeider med å utbetre situasjonen. Inntil vidare må vatnet kokast før det blir brukt til drikke, matlaging og tannpuss.

Les meir her/читайте більше тут

Tekniske tenester

MinEigedom

MinEigedom er ein portal der du loggar på med Bank-id. Du får innsyn i relevant informasjon som kommunen har om din(e) eigedom(ar).

Løysinga gir mellom anna informasjon om eigedomen, kart, bygningar med bygningsnummer, kommunale gebyr, vann- og avløp, renovasjon, vassmålar og feiing. Det er også tilgang til saksdokument frå det historiske arkivet (før 2015). 

e-Torg

e-Torg er kommunens eigne døgnopne nettbutikk der ein kan kjøpe mellom anna: 

  • grunnkart, arealplaner, ortofoto-fyfoto, 3D-modell
  • meglarpakke
  • nabovarsling (eigarliste med skjema for nabovarsling) eller eNoabovarsel
  • situasjonskartpakke for byggesak