Frå juli 2018 gjeld EU sin nye personvernforordning (GDPR) også i Norge. Dette gir deg som innbyggjar nokre utvida rettar knytt til personvern.
Med GDPR får vi som kommune berre lov å behandle dine personopplysningar når:
-det er krav om det i lov eller forskrift
-kommunen skal sikre ein rett du har
-du har gitt klart samtykke til det
Når kommunen behandlar personopplysningar om deg, skal du alltid få vite kva opplysningar som blir behandla, kva dei skal brukast til, og når opplysningane vert sletta. Med den nye personvernforordninga har du rett til:
- at dine personopplysningar berre vert behandla for det formålet dei vart innsamla for
- å få innsyn i kva personopplysningar som vert behandla om deg og om ønskjeleg få kopi av desse utlevert på papir eller digitalt. (Me sender ikkje slik informasjon på epost, men via sikker sending)
- å få korrigert opplysningar som ikkje er korrekte
- å krevje at vi slettar opplysningar (gjeld ikkje opplysningar som kommunen etter lov pliktar å behalde)
- å protestere mot handsaminga av personopplysningar (til dømes om formål eller vilkår ikkje lenger gjeld)
- å få tilgang til personopplysningane dine på eit strukturert, maskinlesbart og brukbart format. Denne retten er omtala som dataportabilitet i GDPR, men den gjeld berre:
- når behandlinga ikkje har rettsleg grunnlag
- når utlevering er teknisk mogleg
- for opplysningar du sjølv har gitt til kommunen gjennom samtykke eller kontrakt
- for personopplysningar som vert behandla elektronisk
Dine rettar
Ønskjer du å vite kva personopplysningar vi har lagra om deg, eller vil du be om at vi rettar eller slettar opplysningar? Møt opp på kommunehuset, send epost eller ring. Me sender ikkje informasjonen på epost, men nyttar sikker sending.
I Valle kommune er det kommnedirektør som er behandlingsansvarleg og difor har det øvste ansvaret for personvernet. Kommunedirektør i Valle kommune er Vidar H. Homme.
GDPR krev at alle verksemder har eit personvernombod. Ombodet skal hjelpe kommunen å følgje regelverket, og er kontaktperson for deg som ønskjer meir informasjon om dine rettar
Personvernombodet i Valle kommune:
Om du, etter dialog med kommune og/eller personvernombod, meiner at kommunen ikkje behandlar opplysningane dine i samsvar med personopplysningslova, kan du klage til Datatilsynet.
Klage til datatilsynet
Publisert 10.07.2023 11:47
Sist endra 14.11.2023 09:14