I 2016 kom det ny nasjonal forskrift der brannvesen i landet vart pålagt å utføre feiing og tilsyn på alle bygningar med fyringsanlegg som vert brukt til oppvarming. Med bygningar meiner ein blant anna bustadar, fritidsbustadar, næringsbygg, støylsbuer m.m. For å gjere det enklare vert bygningane omtalt som bustadar og fritidsbustadar.
Les meir her
Valle kommunestyre vedtok i sak 31/22, den 27.04.2022 at private og landbrukseigedomar berre skal fakturerast for inntil to røykløp, med verknad frå 01.01.2024.
Feie- og tilsynsavgift for 2023 vert sendt ut i løpet av november. Dei som har fleire enn to røykløp har blitt endra i faktureringssystemet. Dersom det er blitt feil i utsendinga, ber ein dykk om å ta kontakt med Valle kommune v/Gudrun Sagneskar på e-post gsa@valle.kommune.no ev. tlf. 90 14 70 38.