Hengebrua - perla midt i Vallebygda!

Midt i Vallebygda, beint vest for sentrum, ligg ei perle både fastbuande og tilreisande set stor pris på - hengebrua. Konstruksjonen er eit landemerke og ein ferdsleveg, og del av ein flott tur frå sentrumsområdet til Nomelandssida av bygda.

Prestefossen tursti med hengebrua like vest for Valle sentrum. Ole Birger Lien

Brua, som opphaveleg vart sett opp i 1931-1932, er ein snarveg for gåande og syklande, og ein del av Prestefossen tursti. Alt i 1979 vart det sett i gang arbeid for å få på plass ei ny bru, men prosjektet vart ikkje noko av.  I 2007 avdekka ein kontroll alvorlege manglar, og ved årsskiftet 2015-2016 vart det meste av brua rive og oppgraderinga til dagens konstruksjon vart sett i gang. Ny bru, som også er tilpassa rullestolbrukarar, og tilhøyrande turstiar, vart til slutt eit prosjekt til 7-8 mill. kr. og opna i 2016.

Frå gamal gravplass til Via Ferrata

Hengebrua i Valle er eit fint bindeledd mellom grendene på kvar si side av Otra. Like over på Nomelandssida er det også ein aktivitetspark med ulike apparat. Prestefossen tursti med hengebru er eit statleg sikra friluftsområde.  Der kan ein velje mellom tre spennande sløyfer, og legge ut på ein fin vandretur gjennom det unike kulturlandskapet. Du kjem til dømes forbi den svære Nomelandshaugen. Nomelandshaugen er det største kjende gravminnet i Valle, og skal også vere den største bevarte gravhaugen i gamle Aust-Agder. Dateringa er til jernalder. Eit anna veldig spennande kulturminne langs stien er den gamle kyrkjegarden på Nomeland. Dette er ein eldgamal gravplass frå mellomalderen - rett ved Odde sagbruk si byggforretning. Funn av graver frå vikingtida tyder på at kyrkjegarden ligg på ein eldre, heidensk gravplass. Valle Via ferrata, jernvegen opp Nomelandsfjellet, er også i dette området. Kan hende ikkje så rart, at hengebrua med alt ein finn rundt ho er eit stadig meir populært område - og eit landemerke i Vallebygda som på alle vis har fått nytt liv!