Badeplassen Marhyl open og i full bruk sommaren gjennom

Det har gått føre seg ei stor oppgradering av infrastrukturen ved badeplassen Marhyl i Hylestad den siste tida, og om prosjektet ikkje er heilt i mål enno, så er badeplassen open og i full bruk sommaren gjennom.

"Ny" veg ned mot badeplassen Marhyl i Hylestad. Straks er også det nye sanitæranlegget i bruk, og i mellomtida kan ein nytte dei mobile toaletta på staden. Torleif Homme

Hovudbolken av satsinga er nytt sanitæranlegg. Det er på det næraste ferdig og i bruk, og fram til alt er på plass står det to mobile toalett langs vegen ned mot badeplassen.

– Dei blir sjølvsagt ståande heilt til det nye anlegget kan brukast, seier Torleif Homme i Valle kommune.

Parkering og veg

I tillegg til nytt sanitæranlegg, som skal innehalde både handicap-toalett med stellebord, eit toalett for begge kjønn og dessutan eit lite lager for teknisk drift og reinhald, er både parkeringsplassen ved badeplassen og dessutan vegen ned til elva shina opp. Det er også grøfta, så området er no i tipp-topp stand. Alt som har mangla, er finveret - no er det også på plass så då er det i grunnen bare å gnu på!