Kommuneplanens samfunnsdel

Kommuneplanen er langtidsplanlegging. Kommuneplanen er den viktigaste arena for overordna
diskusjonar om korleis me ønskjer at kommunen skal utvikle seg. Kommuneplanen hendlar om å sette oss langsiktige mål og velge satsingsområde for å møte dei utfordringane me ser.


Våre utfordringar som kommune er knytt til:
• Kommunen som produsent av dei tunge velferdsgodane
• Kommunen som arbeidsplass
• Kommunen som viktig medspelar i utviklinga av vårt lokalsamfunn
• Kommunen som forvaltar av fellesskapet sine og framtidige generasjonar sine ressursar

Kommunal sektor må heile tida vere bevegeleg for å møte nye tider og behov. Omstilling skal ikkje vere ein trussel. I disse prosessane er dei tilsette vår viktigaste ressurs og viktigaste medspelarar. Problemstillingane er ofte samansett. Det er ofte på lang sikt at me gjennom dei vegval me gjer i dag påverkar utviklinga. Kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel er viktige verktøy for at me kan trekke i same retning mot felles mål.

Kommuneplan for Valle kommune 2016 - 2028 - samfunnsdelen

Du finn kommuneplanen i vårt planregister HER