eDialog - sikker innlevering av dokument til Valle kommune

Mange sender dokument til kommunen via epost. Epost kan vere ein usikker kanal, og kan i verste fall bli stoppa i spamfilter. Ved å bruke tenesta eDialog, opnar Valle kommune for at du kan sende inn dokument via ein sikker kanal. Me voner at både privatpersonar og verksemder nytter høvet til å sende dokument trygt inn til oss!

Her finn du eDialog for Valle kommune

NB: For å bruke denne tenesta, må du autentisere deg ved hjelp av ID-porten.

Slik fyller du ut skjema

Du kan framleis bruke epost for enkle spørsmål som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak/arkivsystem. Epost-adressa til Valle kommune er
post@valle.kommune.no

Forsendelse av dokument som ikkje er offentlege: Tenesta er godt egna til å sende inn dokument som ikkje er offentlege til Valle kommune. Kanalen er kryptert og avsendar autentisert. Filene kjem rett inn i kommunen sitt sak/arkivsystem der dei blir fordelt til sakshandsamar.