1 | Personar som tek utdanning på heiltid og er folkeregistrert i Valle kommune, kan få tildelt kommunalt utdanningsstipend. Utdanninga må vere godkjent for utdanningsstøtte i Noreg. |
2 | Utdanning i eitt år, haust og vår, gjev fullt stipend. Eit semester gjev halvt stipend. Storleiken på stipendet er fastsett av- og kan bli endra av kommunestyret i samband med budsjetthandsaming. |
3 | Kvar søkjar kan få tildelt stipend inntil åtte gonger utan aldersavgrensing |
4 | Lærlingar har høve til å søkje om stipend for sitt fyrste læreår. Andre lærlingar, deltakarar på tiltak i regi av NAV eller som mottek arbeidsavklåringspengar, får ikkje stipend |
5 | Søknadsfrist er 1. oktober for fullt år med utdanning eller for haustsemester og 15. februar for vårsemester. Valle kommune kunngjer stipendordninga i god tid før fristane går ut |
6 | Stipend for fullt år med utdanning eller for haustsemester vert utbetalt på hausten. Stipend for vårsemesteret vert utbetalt på våren. |
7 | Søknad må skrivast på elektronisk skjema på kommunen si heimeside |
8 | Berre korrekt utfylte søknader vert handsama |
9 | Mottakar av stipend som ikkje fullfører utdanninga, må snarast melde frå om det og oppgje kor lenge utdanninga varte. Mottakar må betale attende delar av stipendet, rekna ut frå når utdanninga vart avslutta. Fullføring av ¾ av utdanninga som ein har fått stipend for, fører ikkje til attendebetaling |
10 | Dersom mottakar av stipend ikkje har gjeve korrekte opplysingar i søknaden, eller ikkje har meldt frå om endringar (jf. Pkt. 9), kan stipendet bli kravd attende. Vedkomande kan bli utelukka frå seinare tildelingar |