Tiltakskatalog

Barnevernet har eit breitt spekter av tiltak som blir tilbydde for å sikre at barn og unge får ei trygg og god oppvekst, i tråd med barnevernslova. Desse tiltaka kan vere frivillige eller tvungne og skal vere tilpassa barnets behov og situasjon. Føremålet med tiltaka er å gi støtte til både barnet og familien for å førebyggje omsorgssvikt, styrkje foreldra si omsorgsevne og sikre barnets rett til omsorg og vern. Mange barn og familiar med oppfølging frå barnevernstenesta har fleire tiltak samtidig. Blant dei generelle tiltaka finn vi råd og rettleiing til foreldre ved behov, og generell oppfølging. Tiltaka skal minimum evaluerast fire gonger i året.