Valle folkebibliotek

Valle bibliotek – «Sæbyggjen» – ligg i Valle sentrum. Her kan du låne bøker og lese dagens avis, finne ut av turløyper og klatreruter med meir! Vi har også PC du kan nytte.

Biblioteket er ope måndag-fredag. Ut over dette kan du som har lånekort for meirope (sjølvbetjent) bibliotek nytte biblioteket kl. 07-23 alle dagar heile året.

I biblioteket finn du, i tillegg til bøker og tidsskrift, eit eige rom tileigna vår store forfattar Paal-Helge Haugen. Her kan lukke døra, finne roen i ein god stol, og bla i ei fin bok eller berre nyte synet av det mektige Nomelandsfjellet. I sjølve biblioteket kan du sjå minneutstillinga over meisterspelemannen Torleiv H. Bjørgum, og få kjøpt CD-ar med musikk etter Bjørgum. Dersom du ikkje har lånekort og har lyst på ei «book to go», kan du ta ein kikk i 10 krones-kassa vår. 100 meter lenger sør i sentrum finn du dessutan lesekiosken vår - ein verna gamal telefonkiosk med bøker tilgjengeleg heile døgnet.

Sæbyggjen er eit fleirbrukshus, og inneheld også kyrkjestove. «Kyrkjestoga» er ein flott sal som blir brukt til møte, konsertar, minnestunder, konferansar og andre arrangement. Eit romsleg og godt utstyrt kjøkken har også fått plass i hovudetasjen. I andre etasje finn du kyrkjekontora, med eigen inngang ute (på sida mot sør). Hemsen i biblioteket er spesielt innreidd med tanke på ungdomar, i tillegg til at det er studieplassar der.

Opningstider Sæbyggjen

Vi gjer merksam på at vi i enkelte feriar og sommarsesongen kan ha forkorta opningstider, så sjekk gjerne vår fb-side Valle bibliotek Sæbyggjen dersom du er i tvil. Der vil du til ei kvar tid finne oppdaterte opningstider. 

Opningstider Sæbyggjen
Dag Tid
Måndag 11:00 - 16:00
Tysdag 11:00 - 16:00
Onsdag 11:00 - 16:00
Torsdag 11:00 - 17:00
Fredag 11:00 - 15:00
Laurdag STENGT
Sundag STENGT

 

Nyttige lenker biblioteket

Micromarc Websøk

Biblioteksøk

Boksøk

Leser søker bok

Kom i gang med lydbøker
Digitale bøker og lydbøker - APP

Verdensbibliotek Her treng du bare ei e-postadresse, så kan du lesa bøker på mange språk. Førebels desse: Albansk, Arabisk, Assyrisk / Syriansk, Bosnisk / Kroatisk / Serbisk
Kurdisk, Persisk / Dari, Polsk, Somali, Thai, Tigrinja, Tyrkisk

Agder fylkesbibliotek

Sommarles

Nasjonalbiblioteket