Sikkerheit ved større arrangement
Det er ei omfattande oppgåve å ha ansvaret for eit arrangement. Sikkerheit og beredskap er ein viktig del av dette. Vi har laga ei sjekkliste til hjelp med å lage gode og trygge arrangement. Vi tilrår at arrangør av større arrangement set seg inn i rettleiaren til Direktoratet for samfunnssikkerhet (DSB) for sikkerheit ved store arrangement
Store arrangement er definert som "arrangement med store ansamlinger av mennesker og/eller med potensial for store ulykker" ifølgje rettleiaren til Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap (DSB)
Rettleiaren kan du lese her
Dette gjeld dei fleste typer arrangement som til dømes idrettsarrangement, stevner, festivalar, konsertar m.v.. Felles for desse er at det er fleire personar enn normalt samla innafor eit område i ein tidsavgrensa periode. Det gjer risikoen for ulykker og uønska hendingar større enn normalt.
Det er viktig at arrangøren utarbeider ein sikkerheitsplan som bygger på ein grundig risiko. og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) av arrangementet. Dette vil redusere risikoen for ulykker og uønska hendingar.
Skjema for sikkerheitsplan og ROS-analyse (PDF, 569 kB)
Sikkerheitsplanen bør bli evaluert og ajourført i etterkant av arrangementet.
Publisert 23.11.2023 13:32
Sist endra 16.05.2024 13:39