Private forslagsstillarar som ønskjer å starte ein planprosess skal sende eit planinitiativ til kommunen seinast samtidig med førespurnad om oppstartsmøte etter plan- og bygningslova § 12-8 første ledd andre punktum. Det er ønskjeleg at forslagsstillar søkjer dialog med kommunen tidleg i arbeidet med planinitiativet for å avklara forventningar og omfang, og at dette m.a. blir tilpassa kompleksiteten i prosjektet og lokale forhold. Planinitiativet skal i nødvendig grad omtala premissane for det vidare planarbeidet, og gjera greie for
•    Formålet med planen
•    Planområdet og om planarbeidet vil få verknader utanfor planområdet
•    Planlagt busetnad, anlegg og andre tiltak
•    Utbyggingsvolum og byggjehøgder
•    Funksjonell og miljømessig kvalitet
•    Tiltakets verknad på, og tilpassing til, landskap og omgivnader,
•    Forholdet til kommuneplan, eventuelle gjeldande reguleringsplanar og retningslinjer, og pågåande planarbeid
•    Vesentlige interesser som blir ramma av planinitiativet
•    Korleis samfunnstryggleik skal varetakast, mellom anna gjennom å førebyggja risiko og sårbarheit
•    Kva for nokre ramma offentlege organ og andre interesserte som skal varslast om planoppstart
•    Prosesser for samarbeid og medverknad frå ramma fagstyresmakter, grunneigarar, festarar, naboar og andre ramma
•    vurderinga av om planen er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiingar, og korleis krava i tilfelle kan bli vareteke.
I tillegg ønskjer Valle kommune at planinitiativ skal innehalda følgjande
•    Kart med forslagsstillars forslag til planavgrensing.
•    Skisser/ illustrasjonar av ønsket tiltak dersom det ligg føre.
•    Kva infrastrukturtiltak (teknisk og grøn infrastruktur) er tenkt regulert og opparbeidd?
•    Ei skildring av moglege konsekvensar for klima og miljø, t.d. klimagassutslepp, under dette arealbruk, transport, natur (nedbygging av ulike markslag), gjenbruk (sirkulærøkonomi), destruksjon, materialval, naturmangfald, vassforskrifta § 12 osb.
•    Beskrivelse av spesielle løysingar for å redusera energiforbruk/ leggja til rette for fornybar energiproduksjon.
•    Er det spesielle utgreiingar som bør gjennomførast som ein del av planarbeidet?
•    Er det andre grunneigarar eller rettshavarar enn forslagsstillar innanfor foreslått planavgrensing?
•    Forslag til overordna framdrift.
•    Eventuelt andre materiale/ andre opplysningar som fôreslagsstiller meiner er relevant.