Vedtekter for byggeskikkprisen
1. Målet med prisen er å stimulere til god byggjeskikk både ved nybygg og ved istandsetting, eller endring av eksisterande bygningsmiljø.
2. Prisen kan tildelast til ein eller fleire personar. Arkitektar, konsulentar og handtverkarar som har bidrege til resultatet skal omtalast.
3. Bygningar og andre kulturminne som er sett i stand vesentleg med offentleg innsats, bør vanlegvis ikkje vera aktuelle til prisen. Ved vurdering av bygningar og bygningsmiljø skal det leggjast vekt både på utvendige og innvendige kvalitetar. Gjennom pressa skal det gjerast kjent at me ynskjer framlegg på kandidatar med tidsfrist for innsending til «Komitéen». Framlegga skal vera skriftlege, grunngjevne og med underskrift av forslagsstillaren.
4. «Komitéen» er ei fast byggjeskikknemnd i kommunen. Nemnda skal ha tre medleme og desse vert oppnemnde av plan- og miljøutvalet. Nemnda kan knyte til seg ein bygningskyndig person med særleg kompetanse for å gje råd og rettleiing.
5. Prisen kan delast ut kvart fjerde i år så sant nemnda finn ein verdig kandidat mellom dei innkomne framlegga.
6. Framlegg på aktuelle kandidatar må ha kome inn til «Komitéen» innan fristen går ut, om lag 1. mars. «Komitéen» skal få sak til handsaming innan april. Prisen skal delast ut ved eit felles arrangement av Ordførar.
7. Prisen er på kr 50.000,- + plakett og diplom.