Dersom du ynskjer å dele frå ei tomt, dele frå eit tilleggsareal, opprette anleggseigedom eller opprette festegrunn for meir enn 10 år, må du søkje kommunen om løyve til deling. Den nye eigedomen vil få eit nytt gards- og bruksnummer, eventuelt festenummer i grunnboka og matrikkelen.
Slik søker du
Du søker om frådeling av eigedom ved å fylle ut søknadsskjema "Søknad om tillatelse til tiltak uten ansvarsrett.
Søk om frådeling (PDF, 170 kB)
Dokumentasjon til søknad
Når du skal sende ein søknad om oppretting (deling) av eigedom er det viktig at vi får all den informasjonen vi treng for å behandle søknaden din.
Dokumentasjon som må vere med søknaden
- Nabovarsel
- Situasjonskart
- Rekvisisjon av oppmålingsforretning
- Sommar og vinterparkering
- Vegrett
Annan dokumentasjon som kan vere relevant for søknaden
- Søknad om dispensasjon
- Avkøyringsplan
- Erklæring eller avtalar om vegrett, leidningar og naudsynt vedlikehald som går over andre eigedomar
- Eventuelle erklæringar om at gjenverande eigedom (den opprinnelege eigedomen) gir frådelt (ny) eigedom rett til veg, vatn og avløpsleidningar og eventuelt vedlikehald må og bli lagt ved.
Kjøp eNabovarsel i e-Torg Viss du vil sende elektronisk nabovarsel. Naboane får varselet i Altinn
Bestill naboliste på e-Torg Viss du vil sende nabovarsel manuelt
Fyll ut og send ut skjema "Nabovarsel ut frå mottatt naboliste" (PDF, 107 kB)
- Dersom du søker dispensasjon frå arealplan, må du hugse å opplyse om det i nabovarselet. Andre som blir direkte rørte av delinga skal og bli varsla og få høve til å uttale seg.
- Dersom du får merknadar frå naboar, skal du sende desse til kommunen saman med søknaden
- Naboar og gjenbuarar har to veker på å kome med merknad. Det må ikkje gå meir enn eitt år frå ein sender nabovarselet til kommune mottek søknaden din. Dersom det går meir enn eitt år, må du sende ut nytt nabovarsel.
- Vedlegg til nabovarsel:
- Skriv ut situasjonskart via vår kartportal og teikn inn nye eigedomsgrenser. Situasjonsplan skal vise eksisterande grenser og ønska delelinje (nye eigedomsgrenser)
- Dersom tomta di er vanskeleg å bygge på (t.d. kupert/skrått terreng) bør du også legge ved eit kart som viser forslag til framtidig husplassering. Legg og så ved eit terrengsnitt. Kartet skal vise plassering av køyretilkomst og naudsynt areal til parkering og uterom.
For å få tinglyst og registrert eigedomen i matrikkelen (eigedomsregisteret), må det rekvirert ei oppmålingsforretning. Oppmålingsforretning vert halden etter at delingsløyve er gjeve.
Fyll ut skjema:
Rekvisisjon av oppmålingsforretning (PDF, 70 kB)
Utsett oppmålingsforretning må grunngjevast med eigen søknad.
Om søknaden ikkje oppfyller plan- og bygningsloven sine bestemmelsar, eller er i strid med gjeldande plangrunnlag, er deleløyve betinga av dispensasjon, sjå plan og bygningsloven §§ 19-1 og 19-2
Sjekk planar og bestemmelsar for din eigedom
Før du bygger, riv eller endrar må du sjekke kva planar og bestemmelsar som gjeld for eigedomen din. Planar og bestemmelsar er avgjerande for kva du kan gjere av endringar og kva du kan bruke bygget på eigedomen din til.
Finn ut kva plan som gjeld for din eigedom
Du må også søke om dispensasjon dersom omsøkte delelinje(r) ikkje er i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Du må grunngjeve dispensasjonssøknaden skriftleg og legge ved søknaden.
Om du ønskjer å dele frå ei tomt til bustadføremål er det krav om at du må ha eit godkjent utsleppsløyve for avløpsvatn før du får dele frå og før du får bygge (om tomta allereie er frådelt).
Det er fagfolk med rett kompetanse som må sende søknad om utsleppsløyve. Privatpersonar kan ikkje søke.
Søknadsskjema
Om frådeling krev opparbeiding av ny avkøyrsel eller utvida bruk av eksisterande avkøyrsel frå fylkesveg eller riksveg.
Søk om ny eller endring av avkøyrsel
Nyttig tips!
Søk gjerne om endring eller ny avkøyrsel før du leverer søknad om frådeling. Vi kan ikkje godkjenne søknaden din om frådeling før søknaden om avkøyrsel er behandla og godkjent.
Publisert 05.10.2023 09:07
Sist endra 19.03.2024 10:58