Retningsliner for støtte til varmepumpe og vedomn
Kven kan søkje om støtte?
• Eigar av privat bustad i Valle kommune kan søke om støtte.
• Eigaren av bustaden det gjeld må vera folkeregistrert i Valle kommune.
• Leigetakarar kan ikkje søke.
Dette må du vite:
• Du kan søke om støtte til kjøp og montering av luft-til-luft-varmepumpe og reintbrennande
vedomn.
• Varmepumpa må ha ein utedel og ein innedel.
• Ordninga gjeld for varmepumper og vedomnar som vert installerte for oppvarming av
private bustadar i Valle. Det kan til dømes vera einebustad, tomannsbustad, rekkjehus
eller leilegheit.
• Det vert berre gjeve støtte til éi varmepumpe og éin vedomn per bueining. Bueininga må
vera godkjend som bustad av Valle kommune. Viss du søker om støtte til fleire
bueiningar, må du senda éin søknad for kvar eining, og det må kome fram av søknadane
kva bueining kvar av dei det gjeld for.
• Du må ha inngått avtale om kjøp av varmepumpe hos godkjend forhandlar etter 01.11.22.
Kjøp frå privatpersonar eller kjøp av brukt varmepumpe eller vedomn vert ikkje støtta.
• Varmepumpa må vera installert av godkjend montør som har eige registrert firma eller er
tilsett i eit registrert firma. Me tilrår at du inngår serviceavtale, sidan varmepumper krev
vedlikehald. Eigenmontering er ikkje tillate.
Kva vert ikkje støtta?
• Ordninga gjeld berre for luft-til-luft-varmepumper.
• Kommunen gir ikkje støtte til andre typar varmepumper, som luft-til-vannvarmepumper,
væske-til-vann-varmepumper, avtrekksvarmepumper eller andre typar.
• Det vert ikkje gjeve støtte til fleire varmepumper eller vedomnar i éi og same bueining.
• Ordninga gjeld ikkje for hytter eller andre fritidsbustadar, garasjar eller for næringsbygg,
og ikkje for bustadar eller andre bygg i andre kommunar enn Valle kommune.
• Det kan vere nødvendig å oppgradera straumkapasiteten i bustaden. Kostnadar for dette
vert ikkje dekt av denne støtteordninga.
• Oppgradering av pipeløp vert ikkje dekt av denne støtteordninga.
Varmepumpe og vedomn:
• Det vert gjeve støtte for beløp inntil kr. 40 000
• Montering inngår også i støttebeløp
Varmepumpe:
• Boring i murvegg med meir for montering gjev grunnlag for støtte
• Røyrlengder over standardlengde gjev grunnlag for støtte
• Stativ for varmepumpe gjev grunnlag for støtte
• Varmepumpehus gjev grunnlag for støtte
Vedomn:
• Røykrøyr/røyrdelar med meir for innmontering i pipe gjev grunnlag støttebeløp
• Arbeidstimar for montering av omn gjev grunnlag for støtte
• Brannsikker plate under/foran ovn gjev grunnlag for støtte
• Kostnader for godkjenning hjå brannmyndigheit gjev ikkje grunnlag for støtte
Kor mykje gir kommunen i støtte?
• Støtta utgjer inntil 30 prosent av kostnadane for kjøp og montering av varmepumpe og
vedomn. Kvitteringar må leggjast ved søknaden.
• Kommunen tek atterhald dersom kostnadene vert urimeleg høge. Ta kontakt med
kommunen om du er i tvil.
• Viss vilkåra for ordninga ikkje er oppfylt, har kommunen moglegheit til å trekke støtta
tilbake.
• Det blir ytt opptil kr. 25 000 i støtte for einsleg i husstand med inntekt under kr. 370 000 og
for husstander der fleire er folkeregistret med samla inntekt under kr. 672 000
Søknadsskjema:
800011 - Søknad om støtte til varmepumpe og vedomn