Tilskot til bustadbyggjing/kjøp av leilegheit og renovering

 

Tilskotet gjeld følgjande tiltak utan vedtak etter 01.01.2024:

Nybygg einebustad/kjøp av ny eigen seksjonert leilegheit:

  • Einebustad/leilegheit med livsløpsstandard og minst 2 soverom:      kr. 500 000

 Søknadsskjema for tilskot til bustadbyggjing / kjøp av leiligheit

Renovering:

  • Renovering til livsløpsstandard:                              10 % av totalkostnad, maksimum kr. 500 000
  • Renovering utan livsløpsstandard:                        10 % av totalkostnad, maksimum kr. 200 000

Søknadsskjema for tilskot til renovering av bustad

Relevant ekstern informasjon:

Husbankens krav til livsløpsstandard

Tilskot for allereie vedtekne tiltak:

Skjema for faktura og kvitteringar for søknadar med vedtak

Tilskotsreglar

Generelle vilkår:

A.     Berre privatpersonar med folkeregistrert adresse i Valle kommune kan motta tilskot. Firma/føretak i næring kan ikkje motta tilskot.

B.     Tilskot kan berre utbetalast ein gong til samme tiltak.

C.      Tilskot utbetalast til eigar av bustaden.

D.     Det blir sett som krav at bustaden er fullfinansiert (inkl. tilskotet) før tilskot blir utbetalt.

E.      Mottakar av tilskot skal dokumentere ferdigattest/tinglyst kjøpekontrakt/seksjonering før tilskot blit utbetalt.

F.      Dersom mottakar av tilskot melder folkeregistrert flytting/sel bustaden innan 3 år etter mottatt tilskot, skal tilskotet tilbakebetalast i sin heilskap. Det er tilskotsmottakar sitt ansvar å melde frå om flytting til kommunen.

G.     Dersom det blir bruksendring av bustaden, til dømes til fritidsbustad innan 5 år etter at tilskot er gjeve, skal heile tilskotet betalast tilbake. Det vil vere tilskotsmottakar sitt ansvar å melde frå til kommunen.

H.     Det blir ikkje gjeve tilskot til nybygg etter brann eller anna form for skade som vert dekka av forsikring.

I.       Det vert ikkje gjeve tilskot til mobile bustader, minihus eller mikrohus.

J.       Søknad om renoveringstilskot må sendast inn seinast 2 år etter signert kjøpekontrakt, budsjett, faktura/kvitteringar sendast samtidig i søknad

K.      Ved særlege høve kan formannskapet dispensere frå gjeldande regelverk.

L.      I høve der det er tydeleg at ordninga vert misbrukt kan kommunen avslå søknaden.

I høve nybygg einebustad/kjøp av eigen seksjonert leiligheit:

Bustaden må tilfredsstille Husbankens krav til livsløpsstandard.

I høve renovering:

Føremål:

Tilskotet skal støtte tiltak som:

  • forbetrar og fornyar bustaden sin tekniske tilstand
  • bidreg til auka bukomfort
  • forbetrar energieffektivitet
  • gjer det mogleg å kunne bu i bustaden heile livet.

Søknadskriterium:

  1. Søknaden må innehalde ei detaljert skildring av renoveringstiltaka.
  2. Kostnadsoverslag og tidsplan må leggjast ved.
  3. Ved renovering til «livsløpsstandard» skal dette dokumenterast.
  4. Tilskotet blir utbetalt etterskotsvis etter vedlagde fakturaer samt dokumentasjon på betaling av desse.

 

Renovering omfattar tiltak som:

  • Byte av golv, innvendige dører, veggar og tak.
  • Renovering av bad og kjøkken.
  • Oppgradering av røyropplegg og elektrisk anlegg.
  • Drenering og isolasjon.
  • Skifte av utvendig kledning, tak vindauge og dører.
  • Strukturelle endringar og oppgradering av tekniske/elektriske installasjonar.

 

Tilskot vert ikkje gjeve til ordinært vedlikehald og/eller inventar, samt anna lausøyra som mellom anna:

  • Maling og overflatebehandling.
  • Mindre reparasjonar og utskifting av enkeltkomponentar.
  • Regelmessig reingjering og vedlikehald.
  • Kvite/brunevarer med meir.
  • Varmepumpe og vedovn.
  • Solavskjerming.