For eigedommar med fast busetnad og med toalett tilknytt slamavskiljar eller minireinseanlegg, vert det tømt éin gong kvart eller annakvart år. Tømminga skjer automatisk og treng ikkje bestillast av eigar.
Ved eventuell ekstra tømming og for fritidsbustadar med tette tankar, bestiller eigar dette sjølv etter behov.
Bestill tømming av septiktank
Trykk på knappen under for å bestille tømming. Logg deg inn med BankID og fyll ut bestillingsskjemaet.
Bestill tømming
Det tek normalt inntil tre veker frå bestillingsskjemaet er sendt, til tanken vert tømt.
Dette må du gjere før tømming
Du må leggje forholda til rette for tømming, noko som tyder at:
- Kumlokk må vere frigjort for jord, snø og liknande.
- Kumlokket må ikkje vere utilgjengeleg på grunn av gjerde, murar, plattingar, hekkar o.l.
- Tilkomstvegen må vere køyrbar for tømmebil.
Prisar finn du i gebyrlista: slamtømming
Her finn du gebyrlista 2025
Publisert 04.03.2025 13:32
Sist endra 04.03.2025 13:32