
Dei var med på scena, som arrangørar og ikkje minst med kunstbidrag. Den sterke kjensla av fellesskap UKM gjev, styrkar både kreativitet og mot - det såg ein tydeleg på Hovden!
29 innslag
På scena kom det etter kvart 29 ulike innslag av musikk og dans. I kunstutstillinga var det heile 27 innslag. 17 av dei unge var med som arrangørar - det vart lange arbeidsdagar før det heile kunne ta til!
– Me kunne aldri fått alt dette til utan alle dei frivillige som var med. Baking, praktisk hjelp, dei var heilt avgjerande for at det vart akkurat så inkluderande og fint som me hadde håpa på. Så er det alltid moro å sjå korleis ungdomen heier kvarandre fram, gjer kvarandre sterkare, seier leiar kultur i Bykle kommune, Helga Jacobsen.
Ho strekar under at sponsorane til UKM, Coop Extra Hovden og Kiwi Hovden, også skal ha ei stor takk.
– Så må eg få nemne lydteknikar Olav Erik Johansen og Stage Event på ljos, Christen Alexander Vadsø og Paul Andre Hovstø, også dei var med på å sikre at dette vart den festen alle hadde håpa på, seier Jacobsen.
Ser fram mot neste UKM
Det skal skipast til UKM også neste år. Alt no er fleire av ungdomane i gang med planleggjinga. Det lover godt for eit kulturelt ungdomslyft som sikrar både aktivitet og ikkje minst rekruttering til utøvande kunst. UKM-festivalen på Hovden var i så måte nok ein dokumentasjon på alt det gode ungdomen kan bidra med.